Slaget ved Fimreite
15. juni 1184
Viktig slag i norsk historie
Fimreite ligg ved utløpet av Sogndalsfjorden som er ein sidearm til Sognefjorden.
Foto: Finn Loftesnes
Den 15. juni 1184 stod eitt av dei viktigaste slag i norsk historie i fjorden ved Fimreite i Sogn. Her møttest dei to kongane Magnus Erlingsson og Sverre Magnusson med sine flåtar. Kong Magnus drukna då kongeskipet hans gjekk under. Kong Sverre stod dermed igjen som norsk einekonge.
Eit stort og brutalt slag
Slaget ved Fimreite var også eit stort og brutalt slag. Til saman kjempa nærare 5000 hærmenn i om lag fire timar om bord på 40 skip. Mange av skipa var store langskip som ofte vart brukte som krigsskip i mellomalderen. Talet på døde i Slaget ved Fimreite låg ein stad mellom 1500 og 2000.
Teikning: Anders Kvåle Rue/Nordicimage.com