Dei to erkefiendane

Illustrasjon av to kongelige menn med kroner, Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson, på en historisk eller kirkelig plakat

Teikning: Anders Kvåle Rue/Nordicimage.com

Kong Magnus Erlingsson

Fødd: 1156 i Etne i Sunnhordland
Død: 15. juni 1184 ved Fimreite
Konge i Noreg 1161 – 1184
Hær: Heklungane
Styrke ved Fimreite: 26 skip og nærare 3000 menn
Foreldre: Kristin Sigurdsdotter og Erling Skakke
Gravlagd: Kristkyrkja i Bergen

Kong Sverre Sigurdsson

Fødd: Ca. 1151 – truleg i Bergen
Død: 9. mars 1202 i Bergen
Konge i Noreg 1177 – 1202
Hær: Birkebeinarane
Styrke ved Fimreite: 14 skip og nærare 2000 menn
Foreldre: Mora heitte Gunhild – faren heitte Una
Gravlagd: Kristkyrkja i Bergen

Så stort var slaget

I alt deltok 40 skip i Slaget ved Fimreite. Mange av dei var store langskip som var smale og raske vikingskip. Langskip var difor dei mest brukte krigsskipa på den tida. Kong Magnus hadde 26 skip – Sverre berre 14. Men i tillegg blanda lokale folk i mindre båtar seg inn i slaget på Magnus si side. Magnus hadde med seg ein hær som talde nærare 3000 mann. Sverre sin hær talde nærare 2000 mann. Slaget starta om lag ved 18-tida om kvelden, og var slutt ved soleglad – det vil ved Fimreite seia ca. ved 21.30 tida om kvelden.

Kong Sverre og birkebeinarane teikna før slaget ved Fimreite. Illustrasjon i fargar.

Kong Sverre og birkebeinarane teikna før slaget ved Fimreite.

Eit brutalt slag

Slag i vikingtida og mellomalderen var brutale. Slaget som stod i Sogndalsfjorden i 1184 var ikkje noko unntak. Ifølgje Sverresoga døydde 2160 i Fimreite-slaget, men dei fleste historikarane meiner talet ligg nærare 1500. Ein god del hærmenn drukna då fire av kong Magnus Erlingsson sine skip gjekk under då slaget vart avgjort. Døde soldatar vart gravlagde i dagane etter slaget. Det er så langt i området rundt Sogndalsfjorden ikkje funne kjende spor etter graver som kan knytast til slaget.

Forskjellig strategi

Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson valde svært forskjellig strategi under slag. Magnus likte best å kjempa i fylking, det vil seia med hæren i tett formasjon i breidda. Under sjøslag batt han gjerne skipa saman i ei lang rekke. Sverre utvikla tidleg ein meir geriljaprega strategi. Han let ofte hæren kjempa i små einingar som var meir mobile. Dermed kunne dei setjast inn der fienden var svakast – til dømes på flankane. Til sjøs let Sverre sine skip kjempa individuelt, og det gjorde han også ved Fimreite i 1184.

Kongane Magnus og Sverre møttest på Kalvskinnet i Trondheim i 1179

Kongane Magnus og Sverre møttest på Kalvskinnet i Trondheim i 1179.
Teikning: Anders Kvåle Rue/Nordicimage.com