Stadig større skip

Utover i mellomalderen vart vikingskipa stadig større. Det galdt ikkje minst langskipa som var dei mest vanlege krigsskipa. Ved Fimreite var det fleire langskip som var over 30 meter lange. Slike skip brukte både segl og årer, og kunne koma opp i ein fart på over ti knop når vinden var god. Før slaget ved Fimreite bygde kong Sverre fleire nye store skip. Det var hærmennene om bord på kong Sverre sitt neste største skip «Oskmøya» som til slutt klarte setja inn det avgjerande angrepet. Det enda med at kong Magnus sitt kongeskip gjekk under slik at Magnus hamna i sjøen og drukna.

Myklebustskipet er det største vikingskipet i landet i dag. Dette skipet er 30 meter langt.

Myklebustskipet er det største vikingskipet i landet i dag. Dette skipet er 30 meter langt.
Foto: Sagastad.

Kjempeskipet var viktig

Før slaget ved Fimreite fekk kong Sverre bygt eit nytt digert kongeskip som vart kalla «Mariasuden». Dette vikingskipet spela ei viktig rolle under slaget ved Fimreite. «Mariasuden» var så stort at det var vanskeleg for kong Magnus sine hærmenn å erobre fienden sitt kongeskip. «Mariasuden» skal ha vore over 40 meter langt, åtte-ni meter breitt og hadde tre lyftingar som var opphøgde dekk. Skipet hadde 33 par årer. Også kong Magnus hadde ein del store langskip i flåten sin. Ved Fimreite kom han med eit kongeskip som heitte  «Skjeggen». Dette skipet var over 30 meter langt og hadde 26 par årer.

En illustrasjon av en sjøslagsscene med vikinger i kamp, med flere vikinger ombord på skipene, som kaster og slåss, og en viking på en stein utenfor skipene.

Kong Magnus sin hær klarte aldri å koma seg om bord i Sverre sitt kongeskip.
Teikning: Anders Kvåle Rue/Nordicimage.com.

Kastevåpen var viktige

Kastevåpen var viktige under Slaget ved Fimreite og andre sjøslag. Små økser, spyd og stein var vanlege kastevåpen, men det var også brukt pil og boge. Både kong Magnus og Sverre sine hærar brukte stein som våpen ved Fimreite. Birkebeinarane henta stein frå land før slaget – heklungane hadde med seg såkalla brynestein frå Telemark. Først i sluttfasen av slaget vart det meir nærkamp slik at sverd og økser kom meir til sin rett. På botnen ved  Fimreite er det funne fem steinar som geologar meiner kan ha vore brukt som kastevåpen under slaget i 1184.

Stein med marinegn, små hvite sneglelignende organismer.
Fossil med mange små, hvite snegleliknende strukturer på en mørk stein, måler ca. 10 cm.

Dette er steinar som kan ha blitt brukt som kastevåpen under slaget ved Fimreite. 
Foto: De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.