Til Fimreite med bil

Du kan køyra bil til Fimreite. Ta av ved Valeberg på Riksveg 5 mellom Sogndal og Kaupanger. Derfrå går Fylkesveg 5616 langs sørsida av Eidsfjorden og Sogndalsfjorden til Fimreite.

Dronefoto/ oversiktsbilde over fimreite og sognefjorden.

Fylkesveg 5616 går ikkje lengre enn til Fimreite.
Foto: Arne Glenn Flåten

 

Til Fimreite med båt

I turistsesongen går det dagleg båt frå Sogndal til Fimreite. Passasjerar som ønskjer det kan gå i land på Fimreite.

En båt som kjører på en rolig fjord omgitt av grønne åser og fjell, med små hus i landskapet. FjordX på veg inn Sognefjorden.

Passasjerar kan gå i land på Fimreite
Foto: Arne Glenn Flåten

Les meir på FjordX.no

Minnebauta ved fjorden

I 1984 var det sett opp ein bautastein til minne om slaget i Sogndalsfjorden 800 år tidlegare. Dette minnesmerket står på Nornes på nordsida av fjorden. Ved Riksveg 5 på Slinde står det skilt ved avkøyringa frå riksvegen. Det er parkeringsplass ved minnesmerket.

Sognefjorden og bauten til minne om slaget ved Fimreite.

Bautasteinen står på Nornes med Fimreite på andre sida.
Foto: Arne Glenn Flåten