Teikning: Anders Kvåle Rue/Nordicimage.com
Fakta om Slaget ved Fimreite
Tid og stad: Fimreite i Sogn 15. juni 1184
Stridande: Kongane Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson
Magnus sin hær: Heklungane
Sverre sin hær: Birkebeinarane
Skip: Til saman 40 skip deltok i slaget
Hærane: Nærare 5000 hærmenn møttest
Lengd: Slaget vara i nærare fire timar
Brutalt: Nærare 2000 mista livet under slaget
Vinnar: Kong Sverre
Her stod slaget
Slaget ved Fimreite stod ytst i Sogndalsfjorden, som er ein sidearm til Sognefjorden. Frå kysten til Fimreite er det ca. 150 kilometer. Det var uvanleg med eit sjøslag så langt frå kysten der dei fleste sjøslag stod. Den ytre delen av Sogndalsfjorden blir også kalla Norafjorden. Slaget blir difor også omtalt som Slaget i Norafjorden. Fimreite er i dag ei grend med rundt 30-40 innbyggjarar, og ligg i Sogndal kommune.
Eit stort og viktig slag
Slaget ved Fimreite var eitt av dei viktigaste i norsk historie. Det skuldast at ein mektig konge fall. Dette fekk konsekvensar for styringa av landet i lang tid framover. Slaga i Hafrsfjord (ca. år 872) og på Stiklestad (år 1030) står i ei særstilling. Men mange meiner slaget ved Fimreite kan vera det tredje viktigaste slaget med tanke på det utfallet slaget fekk. Slaget i Sogndalsfjorden var også mellom dei største sjøslaga vi har hatt.
Kong Olav V avduka i 1984 ein bauta til minne om slaget.
Foto: Sigrid Svartefoss.
Borgarkrig i landet
Perioden frå år 1130 til 1240 er kjend som borgarkrigstida i norsk historie. Mange ønskte å bli konge, og resultatet var mange blodige slag. Dessutan vart dei økonomiske tilhøva verre for bøndene fordi folketalet auka og fleire måtte dele ressursane. Resultatet var mellom anna mange bondeopprør. Det var eit slikt bondeopprør som gjorde at kong Sverre kom til Sogndal sommaren 1184. Han kom for å straffa bønder som julaftan 1183 i Kaupanger drap sysselmannen Ivar Dape som kong Sverre hadde sendt til Sogn.
Kong Sverre straffa bøndene i Sogndal ved å plyndra og brenna alle hus. Teikning: Ståle Ådland.
Sverresoga - den sentrale kjelda
Kongesoga om kong Sverre er den viktigaste kjelda for kva som skjedde under Slaget ved Fimreite. Mykje tyder på at den delen av soga som omfattar Fimreite-slaget vart skriven få år etter slaget. Om dette stemmer, styrkjer det truverdet til Sverresoga. Samstundes må vi ta omsyn til at Sverre sjølv var ei sentral kjelde. Men dersom vi stoler på innhaldet i Sverresoga, så veit vi mykje om kva som skjedde både under før, under og etter slaget ved Fimreite.
Abbed Karl Jonsson skreiv medan kong Sverre dikterte innhaldet i delar av Sverresoga.
Teikning: Anders Kvåle Rue/Nordicimage.com.