Fjorden er grunn

Ved Fimreite ligg det ein to kilometer lang terskel i fjorden. Her er det berre mellom 20 og 40 meter djupt. Det var i dette området Slaget ved Fimreite etter alt å døma starta. Det gjer det interessant å søka etter moglege spor frå slaget på botnen i området. I åra rundt 1910 kom det opp ein del steinar som kan ha vore brukt som kastevåpen under slaget i 1184. Dei kom for ein dag under skraping etter skjel på botnen av fjorden. Ifølgje geologen Amund Helland vart det også funne delar av eit sverdbelte og metall som kan stamma frå slaget, men dette er funn som seinare er gått tapt.

Tegning som viser terrenget fra fjell til sjø, med ulike høydeangivelser på 100 m, 200 m og 300 m, og markerer Sogndalsfjorden og Sogndal.

Tre organiserte søk

Det er gjennomført tre kjende organiserte søkt etter spor frå Slaget ved Fimreite. Første søket vart gjennomført av marinarkeologar frå universiteta i Oslo og Bergen i 1961 og 1962. Søket gav ikkje resultat. I 2006 vart det søkt i området med ein undervassdrone. Det vart då funne delar av to gamle skipsvrak, men dei stamma ikkje frå slaget. I samband med arbeidet med ei bok om slaget, vart det gjennomført nye søk med dykkarar og moderne teknologi i 2023 og 2024. Då vart det også søkt på djupare vatn lengre inne i fjorden. Heller ikkje dette søket førte til konkrete spor etter slaget i 1184.

En mann i dykkerutstyr som leiter etter spor frå slaget i Sognefjorden.
Det er brukt både dykkarar og moderne teknologi i søket etter spor frå Fimreite-slaget. Mann i refleksjakke held teksnisk utstyr.

Det er brukt både dykkarar og moderne teknologi i søket etter spor frå Fimreite-slaget.

Gammalt metall i botnen

Det er søkt etter tre typar spor på botnen i Sogndalsfjorden ved Fimreite. Størst er sjansen for å finna stein som vart brukt som kastevåpen. Det gjeld ikkje minst brynestein som kong Magnus og hæren hans hadde med seg frå eit kjent steinbrot i Eidsborg i Telemark. Men det  hamna også mykje metall i sjøen under slaget. Dessutan er det leitt etter spor frå skipa som gjekk under i sluttfasen av slaget – det gjeld spor både etter treverk og ballaststein. Det er så langt ikkje funne spor etter langskip eller stein frå Telemark. Men det ligg metall i botnen. Det eldste metallet som er hittil er funne, stammar frå 1300-talet eller tidleg 1400-tal.

Et gammelt, rustent metallstykke med en mørk, korrodert overflate, plassert på en grå bakgrunn med en målebånd ved siden av for skala.