Mellomalderen i Sogn

I Sogn finn du fleire stavkyrkjer frå mellomalderen enn nokon annan stad i landet. Dei mest kjende er Urnes stavkyrkje og Borgund stavkyrkje. Men du finn også flotte mellomalder-kyrkjer i Kaupanger og Undredal. I Vik er det to mellomalderkyrkjer – Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje.

En gammel, svart tre kirkebygning med høyt spirtak, omgitt av grønne trær og en kirkegård med gravstøtter, under en blå himmel med noen skyer.

Kaupanger stavkyrkje er ei av fleire stavkyrkjer frå mellomalderen i Sogn.
Foto: Den norske kyrkja

De Heibergske Samlinger
– Sogn Folkemuseum

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum kan du sjå utstilt nokre avlange steinar som kan ha vore brukte som kastevåpen under Slaget ved Fimreite. Dette museet er mellom dei størte og eldste museum i landet med rundt 40 historiske bygningar. Museet ligg på Vestreim like ved Riksveg 5 mellom Sogndal og Kaupanger.

Kaupanger stavkyrkje er ei av fleire stavkyrkjer frå mellomalderen i Sogn.

Museet har nærare 40 historiske bygningar.
Foto: Sogn Folkemuseum

Vikinglandsbyen i Sogn

I Gudvangen kan du besøka vikingbyen Njardarheimr. Her blir du teken 1000 år tilbake i tid. I vikingbyen kan du ta aktivt del i eit samfunn der folk formidlar historia om vikingane, om reisene deira, vikingskip og korleis vi finn spor etter vikingtida i dagens moderne samfunn.

Folk i middelalderkostymer deltek i ei samling utendørs, med trehytter og fjell i bakgrunnen. Vikinglandsbyen i Gudvangen.

Foto: Vikingvalley

Visit Sognefjord

Visit Sognefjord finn du tilbod langs verdas lengste og djupaste fjord – Sognefjorden.

BIlde av næryfjorden med båt som seglar inn mellom fjella.

Visit Sognefjord. Nærøyfjorden.
Foto:Veri Media Visit Sognefjord