Her starta slaget
Svært mykje tyder på at Slaget ved Fimreite starta ved Øygarden like aust for Storeholmen. Fordi sjøen flødde siste halvdelen av slaget, så vart sjøslaget mellom kong Magnus og kong Sverre truleg avgjort lengre inne i Sogndalsfjorden. Vi veit i dag ikkje sikkert kvar det skjedde. Men det kan godt henda dei kjempande flåtane dreiv lengre innover fjorden enn mange hittil har trudd. Kongesoga om Sverre knyter slaget til Fimreite. Saman med andre opplysningar i soga, mellom anna om topografien, gjer det svært sannsynleg at slaget starta på sørsida av fjordbassenget.
Slaget starta sannsynlegvis ved Øygarden
Foto: Finn Loftesnes.
Kampen om kjempeskipet
Slaget ved Fimreite vart utkjempa på to frontar. Hovudslaget stod om kong Sverre sitt store kongeskip «Mariasuden». Denne delen av slaget starta ved Hagastrondi på sørsida av fjorden. 14 av kong Magnus sine skip var med i angrepet på Sverre sitt kongeskip. Magnus sine menn klarte aldri å koma seg om bord i «Mariasuden» som fungerte som ei flytande festning. Kong Sverre let sine skip kjempa individuelt. Difor var det til saman 25 skip frå dei to flåtane som kjempa individuelt i fjordbassenget mellom Fimreite og Nornes.
Slaget ved Fimreite i teiknaren Tor Sponga sin strek. Slike sjøslag var både brutale og kaotiske.
Slik vart slaget avgjort
Utfallet av Slaget ved Fimreite var lenge uvisst. Kong Magnus kjempa om bord på kongeskipet sitt, medan kong Sverre etter kvart gjekk om bord i ein robåt. Herfrå dirigerte Sverre flåten sin. Men det var Sverre sin nestkommanderande Eirik kongsson som avgjorde slaget. Magnus hadde butte 14 av sine skip saman i ei rekkje. Eirik og hans menn på skipet «Oskmøya» kom seg om bord i eine enden av denne rekkja av skip. Det oppstod panikk blant Magnus sine hærmenn. Dei sprang til slutt om bord på skipa i den andre enden av rekka av skip. Blant dei var Magnus sitt kongeskip. Skipet gjekk under, og kong Magnus drukna. Slaget var over – Sverre stod igjen som vinnar.
Kong Sverre song bøneropet Kyrie Eleison til sine menn etter at slaget var vunne.
Brutalt etterspel
Etterspelet til Slaget ved Fimreite var brutalt. Mange av kong Magnus sine menn hamna i sjøen, og kom seg til lands. Der vart dei møtte av birkebeinarane som hogg overlevande heklungar til døde. Det heiter at berre dei som kom seg fram til kong Sverre og bad om nåde vart sparde. Ein del av kong Magnus sine skip prøvde flykta utover fjorden då slaget var over. Birkebeinarane sette etter, og dei flyktande heklungane vart stoppa på brutalt vis. Kong Sverre var utdanna prest. I ein tale etter slaget sa han til sine menn at utfallet av slaget var Guds vilje.
Kong Magnus likte å kle seg i skarlagensraudt og kvitt. Slik var han også kledd så han fall ved Fimreite.
Teikning: Anders Kvåle Rue/Nordicimage.com
Konsekvensane av slaget
Utfallet av Slaget ved Fimreite fekk konsekvensar for styringa av landet i lang tid. Etterkomarane etter kong Sverre sat med makta her i landet til år 1319. Den mektige kong Magnus sin død spela difor ei rolle både for den politiske og militære utviklinga. Dessutan førte slaget til eit djupt innhogg i aristokratiet her i landet. 16 kjende stormenn fall i Fimreite-slaget. Dagens historikarar tonar likevel ned betydninga utfallet av slag i mellomalderen fekk for styringa av landet. Dei meiner andre hendingar etter kvart spela ei viktigare rolle for den historiske utviklinga.
Kong Sverre sat med makta her i landet til han døydde i 1202.
Teikning: Anders Kvåle Rue/Nordicimage.com
Slaget vi nesten gløymde
Slaget ved Fimreite er på mange vis slaget vi nordmenn nesten gløymde. Ein bautastein til minne om slaget er einaste synlege minnesmerket over denne viktige historiske hendinga. Bautaen står på Nornes på nordsida av fjorden der slaget stod. I 1984 markerte Sogndal kommune med ei rekkje arrangement at det var 800 år sidan slaget. Mellom anna vart det sett opp eit nytt sogespel som vart kalla Fimreitespelet. Men dette spelet vart berre sett opp i 1984 og året etter. Etter dette vart det stille rundt Slaget ved Fimreite igjen.
Wibeke Knagenhjelm (i midten) skreiv Fimreitespelet som berre vart sett opp to gonger.
Foto: Sigrid Svartefoss
Var Sverre ein feiging?
Kong Sverre Sigurdsson var utan tvil ein dyktig hærførar. Han tok gjerne i bruke nye våpen, og han lærde både av eigne og andre sine feil. Saman med hæren sin, birkebeinarane, utkjempa Sverre over 60 slag og vann nesten alle. Men kong Sverre var både i samtida og i dag ein omstridd person. Han kjempa sjeldan i fremste rekkje under alle slaga han deltok i. Han likte å halde seg i bakgrunnen eller på hesteryggen. Nokre meinte han gjorde dette fordi han var ein god strateg som på den måten styrte hæren sin. Andre meinte det var fordi Sverre eigentleg var ganske feig. Då Slaget ved Fimreite vart avgjort, stod kong Sverre typisk nok på land.
Kong Sverre var ein dyktig hærførar, men mange meinte han var feig under strid.
Teikning: Anders Rue Kvåle/NordicImage.com.