Personvernerklæring

1. Om Slagetvedfimreite.no

Eigar av denne nettsida er:

Språk & Media Rune Timberlid
Org.nr: 985 299 498
Adresse: Storehagen 1 E, 6800 Førde
E-post: rune.timberlid@gmail.com

2. Føremål med behandling av personopplysningar

Nettsida samlar i utgangspunktet ikkje inn personopplysningar.
Einaste unntak er dersom du tek kontakt via e-postadressa som er oppgitt på nettsida. I slike tilfelle vil opplysningar du sjølv gir i e-posten bli brukt til å svare på førespurnaden din.

Opplysningane blir ikkje brukte til andre føremål, og dei blir sletta når kommunikasjonen er avslutta, med mindre det er nødvendig å ta vare på dei som del av vidare samarbeid.

3. Informasjonskapslar (cookies)

Nettsida kan nytte informasjonskapslar (cookies) for grunnleggjande funksjonalitet og enkel statistikk, til dømes gjennom tenester som Squarespace Analytics eller Google Analytics.

Desse informasjonskapslane samlar inn anonym informasjon om korleis nettsida blir brukt, slik som tal besøk, kva sider som blir besøkt og kva type einingar som blir brukt.
Ingen data kan knytast til enkeltpersonar.

Du kan når som helst endre eller slå av bruk av cookies i nettlesaren din. Dersom du vel å avvise cookies, kan enkelte funksjonar på nettsida bli påverka.

4. Deling av opplysningar

Språk & Media Rune Timberlid deler ikkje personopplysningar med tredjepartar.
Dersom du deler innhald frå nettsida i sosiale medium (t.d. Facebook, LinkedIn), gjeld personvernvilkåra til dei aktuelle tenestene.

5. Innsyn, retting og sletting

Dersom du har sendt e-post og ønskjer innsyn i eller sletting av informasjonen du har gitt, kan du ta kontakt på Rune Timberlid <rune.timberlid@gmail.com>.
All behandling skjer i tråd med gjeldande personvernlovgiving (GDPR og personopplysningslova).

6. Ansvarleg databehandlar

Dagleg leiar i Språk & Media Rune Timberlid er ansvarleg for behandling av personopplysningar knytt til denne nettsida.
Vi etterstrebar til ein kvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.