Eit stort og viktig slag

Illustrasjon av to konger, Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson, med navn under hver av dem.

Slaget ved Fimreite stod den 15. juni 1184. Dette var eitt av dei viktigaste slaga i norsk historie på grunn av dei politiske og militære konsekvensar slaget fekk. Fimreite-slaget er også mellom dei største sjøslaga landet har hatt.

To norske kongar møttest ved Fimreite. Magnus Erlingsson (1156 – 1184) og Sverre Sigurdsson (1151 – 1202) var erkefiendar, og begge ønskte å bli einekonge i Norge. Kongane hadde støtte frå forskjellige delar av landet.

Kong Magnus kom til Fimreite med 26 skip og ein hær på nesten 3000 mann. Her møtte han kong Sverre som hadde 14 skip og ein hær som talde nærare 2000 mann.

Slaget starta ved 18-tida om kvelden, og vara i mellom tre og fire timar. Etter ein intens strid stod kong Sverre igjen som vinnar. Kongeskipet til Magnus gjekk under, og Magnus Erlingsson drukna.

Slaget ved Fimreite var brutalt. Mellom 1500 og 2000 døydde i slaget. 

En sjøslagsscene med vikinger som kjemper på en langseiler med fjell i bakgrunnen, solnedgang.

Teikning: Anders Kvåle Rue/Nordicimage.com

Forskjellig taktikk

Kong Magnus og kong Sverre utkjempa fire slag før dei for femte gong møttest ved Fimreite. Kong Sverre vann alle slaga.

Dei to kongane brukte forskjellige taktikk. Kong Magnus kjempa med hæren i tett formasjon i breidda – det vart kalla fylking. Kong Sverre var smartare som hærførar. Han brukte oftast ein geriljataktikk med små einingar som var meir mobile.

Under sjøslag batt kong Magnus skip saman i ei lang rekke. Det gjorde han også under slaget ved Fimreite. Kong Sverre let sine skip kjempe individuelt slik at han kunne dirigere skipa dit han ville.

Slaget vart avgjort då folk frå Sverre sin hær kjempa seg om bord i den lange rekka av Magnus sine skip. Magnus sin hær fekk panikk. Dei sprang til den andre enden av rekka av skip. Fire skip gjekk under, blant dei Magnus sitt kongeskip.

Våpen og skip

Under sjøslag var pil og boge viktige våpen. I tillegg vart det brukt mykje kastevåpen, for eksempel spyd og små økser. I tillegg brukte begge hærane stein som kastevåpen.

Ved Fimreite er det funne fem avlage steinar på botnen. Geologar meiner desse steinane vart  brukte som kastevåpen under slaget i 1184. Nokre av steinane står utstilt på Sogn Folkemuseum i Kaupanger.

Langskip var mest brukt som krigsskip under slike slag. Dette var smale og lange vikingskip som brukte både segl og årer.

Kong Sverre sitt kongeskip «Mariasuden» var det største skipet under slaget ved Fimreite. Dette store skipet var over 40 meter langt, hadde 33 par året og hadde plass til ca. 280 mann.

Fossil med små spiralskall av marine organismer på en langstrakt stein, måler omtrent 10 cm.
En lang stein med mange små huller og hvite innskrifter eller innsatte elementer, plassert på en grå bakgrunn med en målebånd under for størrelsesreferanse.

Søk etter spor på botnet

Ved Fimreite ligg ein to kilometer lang terskel i fjorden. Her er fjorden berre 20 til 40 meter djup. Slaget ved Fimreite starta over denne terskelen, og i dette området er det difor gjort tre kjende forsøk på å finne spor etter slaget.

Både dykkarar og moderne teknologisk utstyr er brukt i søka etter spor på botnen. Det er søkt etter tre typar spor. Det gjeld stein brukt som kastevåpen, restar etter metall som hamna i sjøen under slaget og moglege restar etter skipa som gjekk under då slaget vart avgjort.

Så langt er det ikkje gjort noko gjennombrot i søk etter sikre spor etter slaget i 1184. I 2023 vart det funne gamle metallrestar som stamma frå andre halvdel av 1300-talet.

En dykker i full dykkerutstyr sitter i en liten båt ved vannet.

Det er brukt både dykkarar og moderne teknologi i søket etter spor frå Fimreite-slaget.

Slik kjem du til Fimreite

Fimreite ligg ved utløpet av Sogndalsfjorden, som er ein sidearm til Sognefjorden. Om sommaren kjem du til Fimreite med turistbåt frå Sogndal (lenk til Fjord X).

Du kan også køyre til Fimreite med bil. Ta av frå Riksveg 5 mellom Sogndal og Kaupanger, og køyr deretter fylkesveg 5616.

Det finst berre eitt minnesmerke om slaget ved Fimreite. Det er ein stor bautastein som står på Nornes på nordsida av fjorden ved Finmeite. Du kjem dit ved å ta av frå Riksveg 13 mellom om Sogndal og Leikanger.